Ta imot bookingar utan å gi bort ein del av omsetninga.
Sauni gir badstua di ei eiga bookingside og ein app der du styrer bookingane. Gjestane betaler rett inn på Vippsen din. Du betaler 500 kr i månaden, same kor mykje du tener.
Bookingsida til Fjordbu Sauna Urke, ei flytande badstue i Hjørundfjorden, laga med Sauni.
Kva sit du att med?
Flytt på tala og samanlikn med eit bookingsystem som tek provisjon.
Med Sauni sit du att med8 388 krmeir i året
699 kr i månaden. Sauni lønner seg når du omset for meir enn 5 050 kr i månaden.
Med provisjon14 388 kr i året
Med Sauni6 000 kr i året
Skilnad 8 388 kr
Gebyret til betalingsleverandøren, 12 000 kr i året, betaler du same kva system du brukar. Difor er det ikkje med i stolpane.
kr
%
%
kr
Standardverdiane byggjer på offentlege prislister for norske badstueplattformer og betalingsleverandørar (oktober 2026). Endra dei til dine eigne tal. Rekninga er forenkla: ho tek ikkje med meirverdiavgift, faste gebyr per betaling eller rabattar.
Kva du får
Ei bookingside, ein app og betaling rett til deg.
Ei eiga bookingside
Gjestane vel dag, når dei kjem og går, og kor mange dei er. Dei kan booke frå 1 til 12 timar, og prisen reknar seg ut etter timar og personar.
Vil du, kan du òg opne for drop-in: delte timar der kvar gjest betaler for seg.
Sida finst på seks språk, så turistar kan booke på sitt eige språk.
Kodeboks-koden blir send til gjesten på e-post. SMS same dagen kan slåast på.
Sauni er ein bookingplattform for badstueigarar i Noreg. Vi lagar bookingsida, appen og betalinga, så du kan bruke tida på badstua.
Bookingsystem tek ofte ein del av kvar booking. Vi tek ein fast pris i månaden i staden, og pengane frå gjestane går rett til deg. Sauni er laga i Ørsta av Kevin Follestad.
Pris
500 kr i månaden
Betaling
Rett inn på Vippsen din
Bookingsida
Nynorsk, engelsk, tysk, nederlandsk, svensk og kinesisk
Appen
iPhone, Android og nettlesar
Laga i
Ørsta
Kva badstueigarar seier
Dette er malar. Dei blir bytte ut med ekte sitat når badstueigarar har sagt ja til det.